More

    Krøkle

    Krøkla er lita og sølvblank med mørk rygg og lys buk. Kroppen er særs slank, med rygg- og bukfinner plassert om lag midt mellom hovud og hale. Mellom rygg- og halefinna har ho ei lita feittfinne utan strålar. Snuta er spiss med svakt underbitt gap. Gjellegitteret er særs tett, noko som er typisk for planktonetarar, men ho har òg kraftige tenner. I gytesesongen har dei små vortar som gjer at huda kjennest ru ut, særleg hjå hannar.

    Norsk krøkle er vanlegvis opp til 15 cm lang, sjeldan meir enn 20 cm. Anadrome variantar kan bli så mykje som 45 cm.

    Krøkla er ein altetar som ofte levar pelagisk. Mellom anna i Mjøsa og Tyrifjorden førekjem dei òg som botnfisk. I levesett er dei særs mangfaldige gjennom livet, og har fleire ulike stadium.

    Nyklekt krøkle på om lag 6 mm tek med ein gong til å eta planteplankton. Ho tek snart til å innlemma planktondyr som hjuldyr og ung hoppekreps i kosthaldet, før ho gradvis går heilt over på ymse planktonkreps. I vatn kor desse dyra finst tek ho til å beita på større krepsdyr som Mysis relicta og Pallasea quadrispinosa ved ei lengd på om lag 6 cm. Frå ho er 9 cm lang et ho òg mykje fiskeyngel, gjerne artsfrendar.

    Krøkle gyter om våren i elveos eller i strandsona. Egga er særs små og klistrar seg fast på botnen. Kvar ho produserar særs mykje rogn; ofte heile 22-25 % av kroppsvekta hennar. Dette tyder i praksis 2500-30 000 egg per ho. Det tek om lag 3 veker før larvane klekker, dei er då 6 mm lange og tek til å ta til seg føde med ein gong. Yngelen lever pelagisk i stim, og vert vanlegvis kjønnsmogne i sitt tredje leveår.

    Krøkla er ein utprega stimfisk om dagen for å beskytta seg mot rovfisk. Stimane kan bli særs store, men løysar seg vanlegvis opp når det vert mørkt om kvelden.

    Krøkle brukes ofte som agnfisk etter grov ørret og annen innlandsfisk utelukkande frå Mjøsa og sørover på Austlandet til Skiensvassdraget.

     

    Les mer på www.wikipedia.no

    Hookedhttps://www.hooked.no
    Vi liker å fiske og ønsker å gjøre det enklere, morsommere og mer lærerikt å bedrive denne fantastiske hobbyen.

    Latest articles

    Previous article
    Next article

    Related articles