More

    Ventetida er snart over

    Kalenderen viser april. For dei fleste er månaden assosiert med dekkskift, hestehov og tørr asfalt. Sambuaren ser etter nye hagemøblar i ulike reklamemagasin, og naboen målar opp kvar han skal byggje terrasse i sommar. Vi derimot – vi sportsfiskarar – har heilt andre tankar i hovudet. Spesielt vi som er reindyrka jegrar etter prikkete fisk med fettfinner i rennande vatn.

    Vi tenkjer ikkje så mykje på ny sykkel eller gjerder som skrik etter eit nytt strøk med måling. Etter ein lang vinterdvale, har vi no begynt å sjå lys i tunellen. Fakturaene etter vinterens handling av flugebindeutstyr og nye vadarar er snart ferdig betalt, utan at den fulle tilfredsstillelsen er oppnådd endå. No skal draumane og tankane snart sleppe laus og realiserast. Timevis med studering av kart, og analysering av nye område skal setjast ut i livet. Dei elvene vi ikkje rakk i fjor, skal prioriterast høgt i år. Slik har kvar april vore for meg dei siste 15 åra.

    Ørjan
    Ørjan Sætren Eide, flogefiskar og nynorskbrukar. (Foto: Privat)

    For oss som er så sære og sta at vi berre fiskar aure med fluge, er vintrane svært lange. Eg og mine likesinna finn ikkje glede i ein seks centimeter lang piggkutling, ei raudspette på fire kilo eller ein torsk på 25. Staheita vår begrensar oss nok på mange måtar, men det å fiske i sjøen er liksom ikkje det same. Klart eg har hatt nokre turar etter sjøaure i løpet av vinteren – mest for å tilfredsstille kastearmen og eiga psyke. Klart eg kunne tenke meg å lande ein sjøaure på over to kilo i sjøen. Men det verkar så uendeleg meiningslaust. Sjøen er så stor, men fluga så lita. Ein kan jo ikkje alltid sjå fisken ein gong! Den kan like gjerne vere fire kilometer unna. På vårparten skrik kroppen etter ein fisketur med rennande vatn og vakande fisk etter våryre insekt. Den skrik etter fisketurar som ikkje involverer hovudplagg med fôring, slaps, is i ringane, boblejakke, sel, makrell eller niser.

    Vinteren har for mange av oss gått med til uendeleg mange timar bak bindestikka, og uendeleg mange glas med brunt brennevin. Seks månader – timesvis med inspirerande tiltak. Nødvendig fornying i utstyrsparken er gjort, ting er impregnert og smurt – til og med det som ikkje har behov for det. Imitasjonar som mest truleg ikkje ein gong eksisterer, er produsert i seks ulike størrelsar og fargar.

    Alt dette betalar seg stort sett på første fisketuren for sesongen – som altså berre er kort tid unna. Det er ofte det same kvart år. Det er litt kaldare enn du trur, og litt rolegare på overflata enn du hadde håpa. Men så skjer det! Ein vakande fisk bryt vasskorpa. Fjørmygg – trur eg. Eg set på noko eg trur den tek. På litt klønete og nervøst vis får trearstanga si første kontakt med luft, og den nysmurte lina glir nydeleg i ringane. Utan is. Kastet går, litt kortare enn planlagt. Fisken er svolten, og tek myggen på aggressivt vis. Eg gjev tilslag, og den har gått rett i fella. Ein aure på 300 gram må gje tapt, før den igjen får fridomen tilbake. Ja visst var det ein liten fisk, og den var i tillegg ikkje så veldig fin å sjå til. Men det var ein aure. Eg lurte han. Kvart år er denne turen ei tilfredsstilling som ingen kutling i verda kan gje meg.

    April er altså den siste rundingsbøya før sesongen slepp laus. Bilturar til lokale aureperler er blitt faste ritual kvar veke for å følgje med på issmeltinga og kanskje få auge på ein vakande fisk. Men, kjære likesinna: Vi er der snart. Isen gjev sakte opp kampen mot vårsola. Fisken vaknar til live med sollyset i auga. Den merkar at svolten etter insekta kjem sigande. Lysta til å bevege seg kjem tilbake. Lysta til å jakte. Den lysta delar vi – fisken og vi. Lysta til å jakte.

    – Med ønskjer om ein realiserande sesong frå Ørjan Sætren Eide

    Hookedhttps://www.hooked.no
    Vi liker å fiske og ønsker å gjøre det enklere, morsommere og mer lærerikt å bedrive denne fantastiske hobbyen.

    Latest articles

    Related articles