More

    – Kom til Jølster, fisk mest og vinn ein bil

    Det er ikkje alle fiskekonkurransar som kan lokka med like fine premiar som Jølster Aurefest. Laurdag brakar det heile laus, og i potten ligg ein Volvo verd over 600 000 kroner.

    Det er ein fiskekonkurranse med historisk sus over seg som går av stabelen i Jølster i Sogn og Fjordane denne helga.

    – Ideen er å ta opp att eit spektakulært arrangement frå Jølster tilbake 1958. Då deltok 1000 fiskarar i ein fiskekonkurranse med ein bil som hovudpremie. Vi skal prøva det same i år, seier prosjektleiar Tom Farsund til Hooked.

    Å ha ein bil som hovudpremie i ein fiskekonkurranse er nokså sjukt, sjølv i vår moderne oljekvardag. Tenk då kor sjuk det var å ha ein bil som hovudpremie i ein fiskekonkurranse tilbake i 1958. Likevel, framsynte og tiltakslystne jølstringar slo på stortromma, og allereie fleire år før rasjoneringa av bilsalget vart oppheva hadde dei klart å skaffa ein IFA P-70l i premie til fiskekonkurransen sin.

    Jølster 4
    Vinnaren Knut O. Myklebust og premien frå 1958. Foto: Fotograf Reiakvam, Førde

    – I tillegg til 1000 fiskarar var her fleire tusen tilskodarar, 5000-6000 alt i alt, trur ein. Verken før eller seinare har så mykje folk vore samla i Jølster. Folk gjekk som sild i tønne i sentrum på Skei denne dagen, skriv Jarle Helgheim om den spektakulære fiskekonkurransen, som altså fann stad lenge før månelandinga.

    Jølster 6
    Fiskekonkurranse på Skei 1958. Foto: Fotograf Reiakvam, Førde

    Jølstravatnet er Nord-Europas rikaste aurevatn. I 2013 vart det fiska opp 18 tonn med Jølstraaure. Mange turistar, både norske og utanlandske, kjem til Jølster for å prøva fiskelukka, men det er også eit stort næringsfiske i vatnet. Noko av fisken vert foredla til rakaure og seldt i gourmetbutikkar i Norge.

    – Her finst også storaure. Den største vi veit om som er fiska på stang vart teken av Sverre Amundsen i påska 1996. 12,1 kilo vog den. I tillegg fekk ein truleg ganske storauga  Anders Ripe ein sværing på 15,5 kilo på garn 10. oktober 1973, seier Tom Farsund til Hooked.

    Jølster 5
    Sverre Amundsen med aure på 12,2 kilo frå påska 1996. Foto Evind Fossheim
    Jølster-aure
    Andres Ripe med aure på 15,5 kilo, tatt på garn i 1973. Foto Privat

    Normal storleik på ein Jølsterauren vil vera 200 til 400 gram, men under festivalen reknar arrangørane med at det også vert tatt langt større fisk.

    Konkurransen no til helga vil vera ganske lik den i 1958. Berre 1000 personar får delta, og prisen for å delta er 1000 kroner. Kvar fiskar får bruka ei stong med valfritt agn, men berre eitt agn i slengen.

    – Fiske vil ha utgangspunkt i området rundt Skei, og det vil bli laga ei sone på rundt fem meter til kvar fiskar. Kva sone ein får vert trekt, og ein prøver å laga så like tilhøve som råd er. Litt flaks og uflaks vil det vera, og som Arne Scheie truleg ville ha sagt det: ”Dette er trass alt ein utandørsidrett”. Arrangøren vil også samla saman eit antal båtar, og dei som ynskjer det får fiske frå båt så langt behaldninga rekk, seier Farsund til Hooked.

    Bilde 6 Utsyn over Skei og Jølstravatnet frå Bolsetnipa Foto Laila Bergheim Ommedal
    Utsyn over Skei og Jølstravatnet frå Bolsetnipa. Foto: Laila Bergheim Ommedal

    Seinare på kvelden, på storfesten på Skei Hotell, står den glitrande og storslagne førstepremien, ein Volvo XC70, utstilt i all si prakt. Den heldige vinnaren vert offentleggjort på staden, og kan køyra heim i ein doning verd heile 620 000 kroner. Dersom han eller ho ikkje har hatt seg ein tur i baren først, vel og merka.

    – Skei Hotell er staden å vera den kvelden, både for dei som deltek i konkurransen og alle andre. Mat og drikke vert det til alle, og folkekjære artistar som Olav Stedje og Gisle Børge Styve Trio er sikre vinnarar også i Sogn og Fjordane. Når dei har sett folk i stemning er det tid for den store ”fiskedansen” med det velkjende bandet Return, seier ein engasjert Farsund.

    Meir informasjon om sjølve fisket og premieringa finn ein her.

    Hookedhttps://www.hooked.no
    Vi liker å fiske og ønsker å gjøre det enklere, morsommere og mer lærerikt å bedrive denne fantastiske hobbyen.

    Latest articles

    Related articles