Vind

Når stormen har rasa i dagevis

Og haldt att mannen frå fiske og fangst

Med vindstyrker over den friskaste bris

Ein typisk fredagskveld på heimstaden hans

 

Då kjenner han det rykkjer i fingrane sine

Fisken veit vel ikkje kva vêr det er?

Og det nyttar så lite å sitje inne og grine

No skal det pina meg fiskast her!

 

Vinden er lunefull, og flyg over alt

Og snøret ligg plutseleg langt oppå land

Å kaste i motvind er ikkje optimalt

Men å gi seg no, det går faen ikkje an!

 

Han får omsider eit napp, og tilslaget sit

Og vêret var brått blitt ein bagatell

For makan til baksing og pumping og slit

Har han aldri vore borti ein fredagskveld

 

Men fisken skal opp, om det so skal gå liv!

Han sendar håvaren krypande ned mot kavet

Og med fare for livet, i kulingen stiv

Glir fisken i håven, og opp av havet!

 

– Sindre Bøe, 25.08.14