Havblikk

Mannen var sliten av mas og kav

Plikter som sat som blylodd om beinet

Frå vindauget såg han det blikkstille hav

Der han sat på kontoret, mutters åleine

 

Han drøymde om fisk, store som fly

Trua på topp, mens agnet går ned

Himmelen blå, og ikkje ei sky

Med ei flaske i handa, og sjelefred

 

Å ligge i sola og lukte makrell

Ingen deadline, og utan jag

Og kike på stangtuppen, fjord og fjell

Slik skal ein bruke ein blikkstille dag

 

Nok fekk være nok, plikter eller ei!

Sa mannen, og pakka sin sekk

Han ropte i døri, før han drog sin vei

Havblikk skal ikkje ødslast vekk!

– Sindre Bøe