Sportsfiskarar flest tenkjer nok storlaks i svunne tider når dei høyrer ordet Ekso, men den krystallklåre elva i Eksingedalen har etter kvart vorte kjend for sitt fantastiske fiske etter brunaure. Denne sommaren fekk eg min debut i elva, og eg kan garantera at eg skal tilbake.

Av: Ørjan Sætren Eide

Etter ei svele med brunost og ein kaffikopp på ferja mellom Lavik og Oppedal, tar det berre ein snau time før eg kan parkere utanfor nærbutikken i Eksingedalen. Eg har aldri vore nærare draumeelva.

Ekso ligg i Vaksdal kommune, nord i Hordaland, om lag ti mil frå Bergen. Den kultiverte delen av elva ligg midt i dalen, frå Flatekvalfossen i vest til fossen «Vetleglupen» i aust. Ut frå bilda ein finn frå denne elva på nettet, er det lett å skaffe seg eit inntrykk av kor vakker den er. I verkelegheita er den endå flottare. Sjølv for ein som er oppvaksen i eit postkort frå Sogn og Fjordane er det ei mektig kjensle å endeleg vera her.

Sju kilometer med strekk

Nesten 300 meter over havet ligg dette elvestrekket, som totalt tel sju kilometer. Elva vekslar mellom stryk og rolege parti, samtidig som djupna er svært varierande. Sone 3, som er flugefiskesona, er stort sett dominert av stilleflytande vatn. Det er krystallklart, og du kan faktisk enkelte stader sjå auren frå bilen langs elvebreidda. Dersom du ikkje har økonomiske krefter til nokre veker på New Zealand, bør du vurdera Eksingedalen.

Sjølvsagt har dei også laga til ein fiskecamp ved elva. Her kan du setje opp telt like ved vatnet, og det er lagt til rette for sosialt samvær med likesinna ut i dei små timar.

Ekso er oppsiktsvekkjande lett tilgjengeleg, og det er rydda veg slik at fiskarar lett skal kome til. I sone 3 er elva svært brei, men det er båtar på alle soner som ein fritt kan nytte til fiske. Elles er båt nyttig for å flytte seg mellom fleire av holmane som finst i elva, og på den måten få mest mogleg ut av fisket. Båtplassane er skilta tydeleg frå vegen.

Aktivt kultiveringsarbeid

Kultiveringsarbeid er ikkje lenger noko nytt her i Norge. Fleire vassdrag, spesielt dei lakseførande, treng i dag menneskeleg hjelp for å la naturen gå sin gang på ein berekraftig måte. Kultiveringsarbeidet i Ekso er likevel unikt. Her vert det nemleg satsa på brunaure.

Ein av frontfigurane for denne satsinga er Bjarne Lavik. Sidan 2000 har han saman med grunneigar Rune Nesheim drive blant anna utfiskingsarbeid gjennom føretaket Ekso villfisk, som dei to eig saman. Som aktiv flugefiskar er dette arbeidet sjølvsagt mykje bygt rundt eigen interesse, men det er det å skape ei attraktiv elv for sportsfiskarar på Vestlandet som verkeleg driv han.

– Etter at kultiveringsarbeidet vart sett i gong, har vi auka salet på fiskekort frå rundt 3000 kroner i året, til 80 000 kroner i fjor, fortel Lavik.

Han poengterer likevel at dette på ingen måte skal spegle eit mål om å auke inntektene til grunneigarane i form av fiskekortsal. Derimot er det ein indikator på at Lavik og Nesheim gjer mykje rett i si forvalting av elva som ein høgt akta destinasjon for flugefiskarar.

Nytt kultiveringsanlegg

I tillegg til uttynninga av aurebestanden, set Lavik og Nesheim større fisk frå kultiveringsanlegget til Ekso villfisk ut i elva. Desse fiskane et mykje yngel og småfisk, og behovet for uttynning med garn har difor blitt vesentleg mindre. Totalt anslår han at dei har fiska ut om lag 160 000 fisk sidan arbeidet starta. Yngelen kjem i tillegg til dette.

Etter tre kaffikoppar utanfor nærbutikken, tek Lavik meg med til kultiveringsanlegget i Sødalen. Det raude bygget, som mest minner om ein garasje, husar tre tankar med Ekso-aure. Totalt sym det om lag 800 fisk i desse kara. Dei ser uforskamma spreke ut der nedi straumen, og dei største har vel passert kiloen. I august skal desse fiskane setjast ut i Ekso, og på naturleg måte ta del i bestandsreguleringa.

På vegen opp mot anlegget er det derimot eit heilt anna bygg som straks fangar interessa mi. Eit heilt nytt bygg, med eit særeige design. Dette skal bli det nye kultiveringsanlegget til Ekso villfisk. For Bjarne Lavik og Rune Nesheim har ikkje tenkt å kvila på laurbæra no når Ekso har vorte eit brunaureparadis.

Rein idealisme

Eg får sjølvsagt ei omvising i dette bygget, også. Sjølv om det står mykje arbeid att innandørs før det er ferdig, er det lett å forstå at dette blir eit anlegg av ein heilt annan standard enn det dagens lokale har. Ikkje berre kan dei doble talet på kultiveringsfisk, men tilhøva for fisken vil også bli endå betre. Dessutan blir arbeidet til eldsjelene vesentleg enklare.

Lavik gjev sterkt uttrykk for at han trivst med dette, men ein har all grunn til å stille spørsmål ved kvifor. Det viser seg å vera rein idealisme. Dei store investeringane som ligg til grunn for kultiveringsjobben er ikkje pengar han reknar med å sjå igjen. Dette er ei investering i naturen og naturopplevingane. Det hadde isolert sett vore enklare å forstå investeringane om han til dømes hadde drive fiskeoppdrett, og skulle selje auren som filet eller rakfisk. Men det er altså ikkje tanken. Han skal ikkje selje ein einaste aure. Alt arbeidet er nemleg gjort for å gje elva føresetnader for å tiltrekkje seg flugefiskarar som deg og meg. I tillegg kan han han avsløre at det no ligg til rette for fem nye kilometer med kultivert elvestrekke, i tillegg til dagens sju.

Etter omvisinga er eg meir enn klar for dei store aurane i Ekso. Kjentmann Willy Sæther har fiska i elva i ei årrekkje, og har nokre klare tips til ein nykomling.

– På grunn av det klåre vatnet er fisken ekstremt sky, og det gjer fisket krevjande. Spesielt når det er sol. Det gjeld difor å halde god avstand frå elvebreidda når ein går på land langs elva, der det ikkje er vegetasjon som skjermar ein. Og for all del, kkje trå ut i vatnet før du har sett over botnen med ørneblikk, seier han.

Til slutt anbefaler han ein lang fortom.

– Og aldri under 0,15. Det har vi brent oss p.å fleire gonger, fortel Sæther.

Min eigen innsats, som ein middels flink flugefiskar frå Sogn, vert så som så. Berre nokre småfisk let seg lure av mine imitasjonar denne brennheite dagen i Ekso. Som flugefiskar er det mange forklaringar eg kunne trekt fram i høve manglande resultat, men eg vel å skulde på dei over 30 varmegradene som velsigna området då eg var på besøk. Eg såg, om ikkje anna, fleire fisk som var betydeleg større. Slik er det jo ofte.

Likevel, her skal eg garantert tilbake fleire gonger. For eiga rekning kan eg også slå fast at dersom du er ute etter ei aureelv der du kan sjå fisken i glasklart vatn, der du som fiskar er meir enn velkomen og som i tillegg ligg i Norge, bør du absolutt vurdere ein tur hit, du også. Ekso er ei perle.

Fakta:

Vassdrag: Ekso, kultiverte soner for brunaure.

Kvar: Eksingedalen, Vaksdal kommune i Hordaland.

Fiskekort: 100 kroner per døgn. Kort kan kjøpast på nærbutikken på Lavik eller av Ekso villfisk, ved Bjarne Lavik. Dei kultiverte sonene er delte inn i fire, der sone 3 berre er for flugefiske. Kortet gjeld for alle fire sonene.