More

    Over 370.000 laks rømte i 2011


    Fiskeridirektoratet melder at i 2011 er over 370 000 laks rapportert rømt.

    Sidan 2008, som var eit år med rekordlåg rømming med 111 000 rømt laks, har vi sett ein trend med aukande rømming, seier direktør ved kyst- og havbruksavdelinga Jens Christian Holm.

    Det er rapportert om 10 rømmingar av laks og regnbogeaure med meir enn 2000 fisk. Dei fire største av desse rømmingane var på til saman 323 000 laks. Den største rømminga på 173 000 laks var frå Salmar.

     

     

    Menneskelege feil ei viktig årsak

    Det er mange risikooperasjonar i næringa og marginane er små. Den største rømminga i år er eit eksempel på dette. Utfordringane er knytt til driftsoperasjonar og menneskelege feil.

     

    Utfordringar ved bruk av botnring

    Alle desse rømmingane er frå anlegg med store plastringar frå 140 meter til 160 meter i omkrets. Årsakene i tre av tilfella er knytt til botnring, mens ei er knytt til spyling av not. 

     

    Skal tole uvêr

    Fiskeridirektoratet si førebelse vurdering er at uvêret i seg sjølv ikkje er årsak til desse rømmingane.

     

    – Anlegga skal vere konstruerte for å tole stor belasting knytt til uvêr. Så langt ser det ikkje ut til at desse skadane er vesentleg annleis enn skader som ikkje er knytt til uvêr, seier Holmefjord.

     

    Framleis urapportert rømming

    Når ein ser landet under eitt har ikkje Fiskeridirektoratet grunn til å tru at det er nokon auke i urapportert rømming dei siste åra.

     

    – Men direktoratet har framleis fleire tilfelle der fanga rømt oppdrettsfisk ikkje kan førast tilbake til rapporterte rømmingstilfelle, påpeikar Holm.

     

    Les hele saken på fiskeridirektoratets sider.

    Hookedhttps://www.hooked.no
    Vi liker å fiske og ønsker å gjøre det enklere, morsommere og mer lærerikt å bedrive denne fantastiske hobbyen.

    Latest articles

    Related articles